Endeleg flytta bloggen

  • 10.jan.2012 kl.17:55

Då vil eg informere om at eg tar bloggen min og flytter til Wordpress. Bestemte meg plutselig for at blogg.no var for fjortisar og eg er jo absolutt ikkje fjortiss (kremt kremt). No vert eg snart 21 år, og dersom eg skal fortsette og blogga no som eg er i 20-åra på ordentlig har eg funnet ut at eg vil bruka ein litt meir seriøs portal. Ikkje at eg kjem til å skriva om noko meir seriøst enn det eg har gjort til no.. Anyway, nye lenkja er www.lisaldn.wordpress.com, og dersom du er for lat til å kopiere og lime den inn i www-feltet, kan du berre trykke her.

Morro på biblioteket

  • 06.des.2011 kl.14:31

Fordi me ikkje er smarte nok til å skrive oppgava vår..








Rask oppdatering

  • 27.nov.2011 kl.15:49

Har ikkje so altfor masse spennende og informere om, for tida går dagane til å jobbe med eksamensoppgaver. Har to stykker som skal leveres før jul, og er nesten ferdig med den første. Har nemlig laga meg ein studieplan som eg følger slavisk, og so langt går det bra. Siste helga mi i London kjem Ann-Elisabeth, Kine og Karoline, og då vil eg jo ikkje sitte inne og skrive om EU jus. So om eg klarer å følge planen min, skal alt vera levert innen 8.desember, so kjem jentegjengen frå Oslo den 9ende. Ann-Elisabeth og Kine skal på Coldplay, og eg har takka nei for eg vil so mykje heller vere kul på hotelrommet med lille Karoline. Apropos tantebarn so har eg no handla inn julegavene deira, og eg gleder meg so sjukt til julafta no! Eg kjem til å vera populær i år for å sei den sånn.

4113227376_9062b409d8.jpg

I heart Disney store

Ellers har det ikkje skjedd so mykje siden Mamma og Besta reiste. Var kjempekoselig med besøk, og me fekk gjort masse! Siden den tid har me fått ny leigebuar, for Samantha har flytta inn på stovegolvet vårt. Fredag reiste me ut på middag, og deretter møtte me noken kameratar på ein pub i nærheiten. I går reiste me til nye Westfield i Stratford for å få ein pangstart på juleshoppingen, og eg har berre eit ord; Crazy! Var so masse folk der, eg tilbringte dagen med å banne og dytte meg gjennom folkemengdene. Frista veldig å tråkke på folk som stod i vegen, og å "tilfeldigvis" søle eit par dråper gloheit kaffi over alle som ikkje gjekk fort nok. Seriøst, hadde alle berre holdt mitt tempo hadde verden vore eit mykje bedre sted.


Søstrene Cowan på Chiquitos

Julestemning i London

  • 23.nov.2011 kl.18:35


Regents Street. Mangler berre snø.


Påskeferien 2012 er klar

  • 22.nov.2011 kl.14:23

Då har eg bestillt billetter til nesteårs påskeferie. Som de kanskje har fått med dikkan, har LSBU-studenter 3 veker påskeferie, og då må eg jo finne på noke morro! I år går turen til Washington State for å besøke Andrea! Høyres kanskje ikkje like kult ut som Australia, men det blir nok minst like bra! Skal utnytte tida i USA godt, og eg har allereie begynt på liste over alt eg vil få med meg. Me skal på road trip (eit must, ikkje sant) til California, innom Canada ein tur, Idaho (ikkje at ei veit kva som finnes der, men det er no enno ein stat), og Oregon (må gjennom den for å komme til California, finn deg eit kart). I Washington må me selvølgelig på Twilight-tour (veit ikkje om det er mange som har fått med seg at både Forks og La Push ligger i Washington), innom Seattle, og ellers berre kose oss og ha det bra. Eg gleder meg iallefall kjempemykje, iallefall siden eg måtte sei nei til Malaysia-tur til nyttår pga. jobbing.. Dette blir enda ein opplevelse og legge til lista!


Heile boka/filmen er basert på virkelege steder i Washington


No er eg strengt tatt ikkje noko naturmenneske, men dette ser jo veldig fint ut!


Seattle

Praksis

  • 16.nov.2011 kl.08:04

No har naboen endelig fått orden på nettverket vårt, og me har fått tilbake det stabile internettet vårt. Då tenkte eg å benytte anledningen til å fortelle om kva som skjer denne veka her. Eg er nemlig i praksis/utplassering/veit ikkje kva de ville kalle det på norsk. På engelsk heiter det Placement, og det varer kun 1 veke, 9 til 5, mandag til fredag. Poenget er at me skal få relevant arbeidserfaring å sette på CV-en, samt lære litt om korleis det er i arbeidslivet. Eg er ein av 16 studenter som har fått ta del i Southwark Legal Services sitt Placement-program (2 stykker per veke fram til februar), og eg må sei eg hadde maks flaks som fekk vera med på det! Southwark er altso bydelen eg bur i, so eg jobber altso i bydelsregjeringen sitt "justisdepartement".




Føler meg svært voksen, og sjølv om eg døde litt inni meg når iPhonen begynte og skrike til meg klokka 6 mandag morgen, må eg sei at eg nyter å vere ute i London og gå blant alle dei andre som står opp tidlig og reiser på jobb i 8-tida. 
Har kun jobba 2 dager, og allerede har eg fått gjort og lært kjempemykje! Når eg var ferdig for dagen på mandag vart eg fortalt at forresten, du skal i retten i morgen tidlig. So gav dei meg ein trillekoffert (bokstavelig talt) med dokumenter og mapper og lese, og so for eg i retten for å hjelpe ein advokat i går. Var utruleg nervøs, men no som eg har klart det, kan eg nok klare alt dei slenger min veg resten av veka! I dag har eg møter heile dagen, so me får virkelig eit innblikk i alle aspekt av kvardagen til noken som jobber innen juridiske tenester, til tross for at det berre er 5 dager. Er som sagt kjempeglad for at eg er ein av dei 16 som fekk plass, søknadsprosessen var definitivt verdt det!

Då logger voksen-Lisa av, for no skal eg ta på meg dressjakken og penskoa og rusle ut døra med dei andre millionane av mennesker som skal tidlig på jobb i dag. Skal prøve og blogge oftare frå no av! 

Revestreker

  • 11.nov.2011 kl.10:33

Har slitt litt med internett siste dagane, so har blitt lite blogging. Men tenkte å vise eit lite bilde av jævelen som stod utafor utgangsdøra vår forrige dagen. Endte med at eg stod inne i ein liten evigheit og venta til han var reist, og kom nesten for seint til forelesing.

 

Høst i London

  • 06.nov.2011 kl.18:34

Sjølv om det er ganske mildt her til tross for at det er November, har høsten sneket seg innpå. No verdt det mørkt tidlegare og kaldare både inne og ute. For oss som gjerne vil bruke minst mulig med peng på elektrisitet, so betyr det å dra med seg dyna inn i stova og koke ein kopp te. Høsten har alltid vore yndlingsårstiden min, er so deilig å sitte inne og lese bok mens eg høyrer på regnet og vinden ute. Det er også ein av grunnane til at eg gleder meg til jul/vinter; skal sitte inne under eit pledd og lese Harry Potter mens det er minusgrader og snø ute. Lykke!


St. James' Park

Ut og gå igjen

  • 06.nov.2011 kl.16:43

Om det er ein ting eg liker å gjere i London, so er det å gå tur. Derfor er det veldig heldig at me bur nøyaktig 10 minutt ifrå Themsen, der dei fineste rutene er. I dag gjekk eg til Tower of London og rundt i området der. Tok litt bilder fordi eg har so bra kamera på iPhonen og tenkte eg skulle dele dei med dikkan. Ein av grunnane til at eg er so glad i London er historien, og Tower har jo ein av dei mest interessante (og grusomme) historiane eg veit om.










 

Happy Bonfire Night

  • 05.nov.2011 kl.21:16

I dag er det Guy Fawkes Day/Bonfire Night. 5. November er dagen Britene feirer at ein fyr IKKJE klarte å sprenge Parliament for hundrevis av år siden. Og dette feirer dei med store bål og fyrverkeri. Eg og Sunshine tok turen til Southwark Park, like ved der me bur, der det var planlagt stort fyrverkeri-show med musikk. Varte i eit kvarter, og var heilt fantastisk og sjå på. Eg var so snill mot dikkan der heime og filma alt sammen med iPhonen min, men klarte dessverre å slette heile videoen i eit forsøk på å redigere den.. Unnskyld for det altso. Var iallefall veldig imponerende, og mykje bedre enn noke eg har sett før. Blandt musikken det var tima til var "Firework" av Katy Perry, som var veldig passende.


Bilde frå fyrverkeriet dei sender opp frå Themsen.

Håper alle heime har hatt ein bra Bonfire Night!

Les mer i arkivet » Januar 2012 » Desember 2011 » November 2011


bloglovin
hits